torsdag 21. mai 2020

Tarjei Vesaas: Løynde eldars land (Artemisias diktutfordring i mai 2020)

Eg hadde planlagt å skrive dikt frå den store, men dessverre lite påakta diktaren Kristoffer Uppdal. Men oppdaga at eg hadde pakka ned dei fleste diktsamlingane mine, og fann ikkje den eg hadde tenkt på, Men eg har mange gode forfattarar å velge mellom, så da fann eg denne i bokhylla mi. Ei samling dikt av Tarjei Vesaas, gitt ut i 1953. (Boka kosta Kr. 8.45 den gong!)

Det første diktet heiter:
Innbying
Vil du gje meg handa ved månens skin,
lauv du er-
Under open himmel Over open avgrunn.

Som lauv
er du og eg.
Fort skjelvande,
og fort borte.
Kom-.

Eg innrømmer gjerne at Vesaas sine dikt ikkje er lette å lesa. Det ligg så mykje bak kvar ei linje. Og i denne samlinga finn eg mykje vemod. Men også håp og kjærleik. 

Sommar etter sommar
Atter attende-
sommar etter sommar.
Kva jagast her?

Kva jagast her?
Linnea i granskogen?
Minnet om svipren av ein kjole?
Badet i bekken som såg din ungdom?

Men framande er no i graset.
Stråa nikkar sakte.
Gå stilt forbi.
Gå bort.

Ja stråa nikkar sakte,
sommar etter sommar,
og sprukken jord gaper
-for her var du gut og
brann opp,
og dei mjuke svalande leppene
kom aldri hit.

Juni
Fine legger vætest
i nattegras.
Lutande langstrå vaknar uventa
stryk av seg dogga
mot forbifarande kne.
Eg søy løyndom.

Tre lette slag på dørkarmen,
i sakte hast, 
i trolldoms natt.
Ein leande munn:
er eg sein?

Vått av dogg er mitt hold, 
og angar,
og kroppen min ein blome
innfor deg.

Det vart ei fin kveldstund med desse dikta.
 

Gyldendal norsk forlag
1953
102 sider
Eiga bokhylle

5 kommentarer:

  1. Tarjei Vesaas har jeg aldri lest noe av, kjenner at det skal en helt egen ro til for å ta inn det han skriver. Herlig prislapp da, det var tider det :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Enig, han er dyp. Jeg har 6-7 av romanene hans, som også er spesielle. Men gode.

      Slett
  2. Så fint at du tok frem og leste Tarjei Vesaas. Jeg har også en samling med ham fra Lyrikkvennenes tid og det øverste diktet du har tatt med, Innbying, er jeg veldig glad i.
    Takk for fint bidrag:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Leser alt for lite av de "gamle, gode" Men fint å ta fram slike samlinger en gang i blant. Fant mye i bokhylla som jeg har glemt, ved nedpakking av bøker de siste dagene. Mesteparten av lyrikken har havnet på hytta.

      Slett
    2. Så bra at de har havna på hylla. Enig at det er fint å ta de gode gamle frem igjen en gang i blant.

      Slett