fredag 7. august 2020

Brit Bildøen: Alt som er (Roman)


Eg har tidlegare lese Tre vegar til havet og Sju dagar i august av Brit Bildøen. Ho skriv vakkert om nære ting. 

I denne boka handlar det om livsval, i tre generasjonar. Der er Mariann  som er hovudperson i boka. Morfaren hennar oppheld seg i Marokko, der han møter sin store kjærleik. Men han svik henne og reiser heim til ho han er trulova med. Dei bygger ein stor tømmervilla på Vinderen, og får to søner, Leif og Asbjørn. 

Leif studerer arkitektur i Barcelona, og forelsker seg i Maria, som vert med han til Noreg. Ho taklar dåelge den norske vinteren, og held seg mest innendørs. Ho går etter kvart også inn i seg sjøl, melankolsk og fråverande. Berre musikken held ho oppe. Borna deira er Felix, Victorie og Mariann.  

Mariann reiser til Australia, der ho møte Endre, som studerer antropologi. Han har kjærast i Noreg, og da kjenslene mellom dei tek av, forlet dei kvarandre, Han må tenkje over kva han vil. Ho går etter kvart i farens fotspor, og vert arkitekt. Ho opplever ein dag at byen ho aldri har klart å verte glad i, er bygd av lys, ikkje gråstein. Dtte vert avgjernade for valet av utdanning:

"-ho fekk sjå skyer spasere over den store, blanke glasveggenpå hotellet. Sola hadde puffa skyene til uftige, rosa puter, og no dreiv dei over fasaden som om det var ein kinoskjerm. Det var overjordisk vakkert. Ja vakkert."

Det handlar om kjærleik, svik, vanskelege val. Kven tek avgjerslene, kven sit att med lengsel og utsetjing av livet. Kvinnene i familien er lite frie til å ta eigne val, mennene styrer dei fleste. Men ufrie val påverkar alle.

Bildøen fletter naturlig sammen historiene til disse kvinnene, der det gamle tømmerhuset står trygt gjennom generasjoner, som et samlingspunkt. Ei vakker forteljing som eg har inne i hovudet lenge etter at boka er lese ferdig. 

Skulle det vere noko å setje fingeren på, måtte det vere dei små historiene som smett innimellom, der vi møter dei to ufødte borna til Mariann. Dei finn eg litt sære, og gjev ikkje forteljinga noko ekstra, etter mitt syn. 

Samlaget
227 sider
2005
Lånt på biblioteket

1 kommentar:

  1. For en fin roman, har lastet den ned på padda, så nå gleder jeg meg til å lese den selv. God helg Åslaug!

    SvarSlett