søndag 13. september 2020

Kari Anne Bye: Eg et før eg kjem (Dikt) Artemisias diktutfordring


Vi møter ei kvinne som eigentleg ikkje saknar noko. Til ho ein dag byrjar å SJÅ mennene omkring seg.

Utan sakn

Ein saknar ikkje det ein ikkje treng.

Mangalr ein noko ein ikkje saknar, manglar ein eigentleg ingenting.

Det er stor fridom i dette.

Å vere utan, men ikkje sakne.



Den sommaren byrja ho å sjå dei.

På bussane, på kafeane, på uteplassane.

Desse mennene som sikkert hadde vore der heile tida.

No såg ho dei. Og alt ho sakna.


Ho startar ei jakt etter kjærleiken. Ho freistar med Tinder, og møter mange menn. Men vert ikkje kvitt lengtinga etter den eine rette.

Kjensla av lagnad

Kjensla av lagnad slo ned i henne og utsletta alt ikring dei.

Berre klisjeane stod att.

Han her har sett mørkeret, tenkte ho

Han er ein som kan sjå inn i det, og tole det.

Som kan gå inn i det, rusta med berre ei dus parafinlykt

og komme ut att på andre sida.


Det er så altfor mange å velje i mellom. Korleis finn ho fram?

Diktanalyse

Ho køyrde full diktanalyse.

Granska og tolka alt han nokon gong hadde sagt til henne.

La vekt på symbolbruk og undertekst.

Heilt utan nokon gong å bli noko klokare på han.

Så fekk dei rett, klassekameratane frå ungdomsskulen.

Ei får aldri bruk for diktanalyse i den verkeleg verda.


Eg kunne sitert mange av dikta her, men dette vart berre ein liten smakebit.

Ei samling dikt som fortel ei historie om ei frustret kvinne, som lengtar etter noko ho ikkje finn, ikkje ein gong med hjelp av Tinder. Ei "lettbeint" diktsamling med mykje tyngde, for her er det både humor og alvor. Eg kosa meg med denne.

Samlaget
2020
204 sider
Lånt på biblioteket

1 kommentar:

  1. Artig bidrag:) Har ikke gått med meg denne boka. Ser den er ny. Ha en fin uke Åslaug:) Nå er jeg på ferie, så det blir ikke noe dikt på meg før jeg kommer hjem og finner boka jeg skal lese.

    SvarSlett