søndag 18. oktober 2020

Helge Torvund: Lijevilje (Dikt) Bokhyllelesing i oktober.


Bokhyllelesing med tema DIKT. Denne gongen valde eg ei vakker lita samling dikt som var enkle, lette og gode å lesa. Helge Torvund er frå Jæren, og er utdanna psykolog. Han har skrive 20 diktsamlingar, og er ein kjend Twitter-poet.  

Det første diktet Ein heim, er skriven som "ei gåve til alle hjarte som bankar svarlause i mørkre." Eit trøystedikt. I diktet Me bur her saman, handlar det om magi og poesi.  For er det ikkje magisk å høyre fuglesong, å bere med seg eit heilt bibliotek (Eit svart etuiu i hand) og å sjå at knoppar vert til kronblad av lys? 

I dikta sine mediterar han om morgonene, les bibelvers og oberverer naturen i kring seg.  Det er i det heile mykje natur i dikta. Her er liv og død. Med andre ord dikt som passer for alle, fordi dei handlar om livet. Ikkje lett å plukke ut eit eksempel, men Påskeliljevilje høver godt:

Påskeliljevilje

Klangen av gule kronblad

er utan visjon og vilje,

men faldar seg likevel ut

i det me kallar vilje.


Dei presser seg opp av jorda

og liknar på instrument.

Dei spelar ein vårfanfare

når alt anna står på vent.


Lastebilar og lyntog

kan dra lenger med større lass,

men liljene skapar glede

og tek så liten plass.


 Alt skal ha målark og delmål

som om barn må lærast å nysa.

Liljene kjem frå mørkret

for at augo dine skal lysa.


Det siste diktet i boka er skriven til broren Gunnar, i gravferda hans. Stilla sitt instrument.

59 dikt om livet, ei fin lita samling som alle kan lesa, også om dei ikkje vanlegvis les dikt. 



Aschehoug
2020
94 sider
Lånt på biblioteket

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar