søndag 25. oktober 2020

Ragnar Hovland: Litt betyr det no likevel (Essay)

 

Dette er sagt om boka: Hovlands litterære kanon. I si nye essaybok plukkar Ragnar Hovland opp tråden frå Kunsten å komme heim og andre essay (2011) og leier oss vidare gjennom sin personlege litterære kanon. Vi får mellom andre møte Arthur Conan Doyle, Stella Gibbons, Torgny Lindgren, Kenneth Grahame, Kjartan Fløgstad, John Steinbeck, Arne Garborg, A.A. Milne og Claes Hylinger. Vi får òg lese meir samfunnsorienterte essay, som den sterke teksten om Charlie Hebdo, og vi blir vitne til det som kunne blitt eit intervju med Odd W. Surén. Også artisten Nico er å finne i samlinga, og vi får høyre om kunnskapsbøkene som frå tidleg av var viktige for Hovland. "

Det startar med Arne Garborg og romanen Trætte mænd. Hovland meiner at her finn vi ei moderne og aktuell bok, som talar direkte til lesaren. Denne er skriven på bokmål, uvanleg for Garborg. Interessant å lese om korleis Garborg eksperimenterer med det formelle. Ein roman om romanan sjølv.

Ei eventyrleg ferd til Austrheim, der vest-hillbillyen bur, og vidare vert vi invitert inn i verda til Flora i Cold Comfort Farm, ein framtidsroman skriven i 1932. Ei bok som har vorte samanligna med Alice in Wonderland. Den neste er Det suser i sivet, som handlar om det uventa. Dyr som opptrer som menneske.  "Eit lite dyr som har gode venner som kan sitje framfor ein peis med eit glas punsj i mørke og hustrige kveldar. Glad og fornøgd, men ed ein underleg lengt i seg."

Eg tek med eit par andre utval her. Berre ein hund? Det er Hunden frå Baskerville Hovland siktar til. "Ta ein hund. Ta ein detektiv. Eller la oss vere meir preise: Ta ein jævlig diger og djeveslk hund,\. Ta verdas mest kjende detektiv. Så får du det som av mange blir hevda er "verdas beste kriminalroman""

Hyllinga til Charlie Hebdo er sterk. Eg berre siterer: "Charlie Hebdo liknar ikkje på noko anna i denne verda. Og no, då dei fleste har slutta å seie at dei er Charlie og gått vidare over i kvardagen att,så kan ein atter bøye hovudet og innsjå at berre Charlei er Charlei. Og det har dei no betalt ein høg pris for."

Det er mange romanar eg ikkje har lese, eller har høyrd om, i denne boka. Men med Hovland sin presentasjon vert ein inspirerte til å leite seg fram til disse bøkene. 

Ei lita og innhaldsrik bok som eg gjerne anbefaler!



Samlaget
2019
139 sider
Lånt på biblioteket

2 kommentarer:

  1. Takk for glimrende lesetips Åslaug! Boken lå klar på Bookbites, og siden den var så kort så fikk jeg lov (av meg selv) å lese den før de to bøkene som nå står først i køen :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Nødvendig å svitsje litt med listene. Jeg gjør det hele tiden!

      Slett