fredag 2. oktober 2020

Tore Renberg: Tollak til Ingeborg (Roman)



"Eg er Tollak til Ingeborg.
Eg høyrer fortida til.
Eg har ingen planar om å finne min plass nokon annan stad"

Tollak bur åleine. Kona Ingeborg er død. Ho var lyspunktet for han og barna, Hillevi og Jan Vidar, som no har flytt heimanfrå. Han har alltid vore ein taus mann, ein som andre ser på som ein særing. Han saknar Ingeborg så han synes at han blør bak auga. No kjenner han på forfallet i kroppen, han ønskjer ikkje innspel utanfrå. Han kastar radio og TV. Den nye tida er ikkje noko for han. Den einaste som bur att på garden er den einfaldige "tomsingen" Oddo, som Tollak kom heim med da ungane var små. "Det er greitt, sa Ingeborg. Vi kan ta Oddo."

No har sjukdomen teke han, og han kallar barna heim til garden. Han har noko å fortelja dei. "Dei skal få vite  alt saman no, det er på tide."

Medan han ventar på dei, nyvaska og nybarbert, midt oppe i skiten og rotet i huset, kjem tankane om alt som har skjedd i livet. Livet med Ingeborg, livet etter at ho vart borte. Eit liv der destruktive krefter og kjærleiken kjempar om overtaket. 

Renberg skriv som vanleg slik at du ikke klarer å sleppe boka. Eg las denne ferdig i senga denne morgonen, måtte berre halde fram til siste side var lese, så det vart litt sein frokost. 

Her er mykje å gripe fatt i. Relasjonane mellom dei enkelte i familien vert sett opp mot kvarandre. Tollak minnes den vesle jenta som spring med flagrande hår, ho var hans den gongen. Og Jan Vidar berre drog, han ville ikkje ta over saga heime. Ingeborg var lett å leva med, ho skein som ein mynt i sola, men ho hadde mørke stunder. etter kvart. Ein dramatisk roman som eg likte svært godt. 



Cappelen Damm
2020
165 sider
Lånt på biblioteket

3 kommentarer:

  1. Dette blir neste bok for meg. Eg er veldig spent, har sett at boka har fått opptil fleire seksarar.
    Aller helst ville eg ha lytta til boka, for Tore Renberg er ein super opplesar av sine eigne bøker. Men ærleg talt; eg betalar ikkje 399 kroner for ei bok som varer i tre og ein halv time. Så dermed søkte eg opp boka på BookBites, og sanneleg var eboka ledig.

    SvarSlett
  2. Fin omtale Åslaug, ser ut som du har hatt en finere lesning enn meg, men så strevde jeg litt med nynorsken i begynnelsen :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Sikkert fint å høre Renberg lese denne, noe som kanskje ville gi bedre inntrykk for deg, Tine. Jeg liker veldig godt at han skriver nynorsk.

      Slett