fredag 27. november 2020

Ocean Vuong: Natthimmel med kulehol (Artemisias diktutfordring i november)

 Natthimmel med kulehòl

Ocean Vuong er frå Vietnam, og familien har opplevd store traume etter Vietnamkrigen.  Opplevingar frå heimlandet som blei herja av den stygge krigen sit att i generasjonar , og dette er bakteppet for mange av dikta. Men også hendingar fra USA vert tema for nokre av dikta. Han skriv mange dikt om og for far sin, som han har mista. Sjølv er han oppvaksen i USA.

Dikta er skrive formmessig svært ulike, nokre som korte prosatekster. Her er anaforer (gjentakelse av ord), aubade (dikt om avsjkjed), haibun (prosa og haiku) og rimfrie dikt. Det som er felles for alle er  mykje sinne og frustrasjon over det som har skjedd med heimlandet.

Ein liten smaksprøve:

Deto(nasjon)

Det er ein vits som endar med -hæ?

Det er bomba som seier her er far din


Så her er far din på innsida 

av lungene dine. Sjå kor lett


jorda blei  - etterpå.

Sjølv å skrive far


er å skjere eit stykke dag 

ut av eit bombebleikt ark.


Det er nok lys til å drukne i

men aldri nok til å gå inn i bein


og bli. Guten min, knekt av blomsternamna,

ikkje slå deg til her, sa han, ikkje gråt


meir. Så eg sprang. Eg sprang inn i natta.

Natta: Skuggen min som vaks


mot far.


Vuong skriv ikkje berre lett tilgjengelege dikt. Her må ein verkeleg tenkje grundig over kva forfattaren ønskjer å fortelja om. Krig, vald, grove overgrep og sorg er ikkje berre lett å  formidla.



Samlaget
2020
99 sider
Lånt på biblioteket

1 kommentar:

  1. Ja, dette var sterke dikt. Ukjent dikter for meg, kanskje er han ikke oversatt før?
    Spennende med poeter fra andre verdensdeler.
    Takk for fint bidrag:)

    SvarSlett