Edvard Hoem skriv også denne gongen om ein person frå slekta si, langt attende i tid. Bestefar til Edvard fortalde historier om sin bestefar, Lars Olsen Hoem. Ein mann som hadde opplevd Englandskrigene og havna i fengsel i England. Og seinare vart han felemakar.
Det startar med barndomen til Lars, på garden Hoem i Romsdalen. I 1792 forsvinn den vakre tenestejenta Guri. Ho er gravid med storebror til Lars, han som vart kalla Pe. Pe er den siste som ser ho i live, og han vert skulda for å ha teke livet hennar. Men i retten vert han frikjend. Lars, som er berre ti år, tilgjev ikkje broren. Han reiser heimanfrå så snart han er konfirmert, går ombord i ein båt som deltek i slaget i Københavns red. Lars vert teken til krigsfange, og sit i engelsk fangenskap i fem år. Ombord i fangeskipet møter han ein fransk felemakar, og Lars vert handlangar og lærer mykje om det innfløkte handverket.
Seinare kjem han heim, møter ho som vert kona hans, og dei slår seg ned i Kristiansund.
Vi følgjer Lars Hoem gjennom livet. Det er ei historie der vi møter folk i arbeid og slit på slutten av 17 hundre-talet og inn i 18 hundre-talet . Mykje strev og slit for å klare seg sjølv, men også mykje samhald og kjærleik. Lars si glede over musikken og over det nitidige arbeidet med å skape meisterfiolinen, er så vakkert omtala. Vi får eit godt innblikk i korleis folk på bygdene møter Hans Nilsen Hauge, og om korleis klippfiskhandelen i Møre og Romsdal utviklar seg på denne tida. Her er det grave fram mykje historie, som vanleg i Hoem sine romanar. Og han har ei særleg god evne til å dikte der det ikkje finst kjelder. Det er nok difor et Edvard Hoem grip oss lesarane, han er ein stor forteljar. Poetisk, vakkert, raust. Eg gler meg over alt eg les av denne store forfattaren.
2020
347 sider
Nynorsk
Lånt på biblioteket
Så enig! Jeg nyter bøkene hans og denne var spesielt god!
SvarSlettOg så skriver han så godt. Det er noe med språket som flyter, i tillegg til innholdet.
SlettJeg humrer alltid litt når han gir leseren beskjed om at her har jeg fylt ut historien med det som kunne ha hendt. Det er bra han gjør det, for romanene blir så lett å lese :)
SvarSlettJa, det er dikter han er!
SlettDenne har jeg lyst til å lese, når lesekøa mi går litt ned:)
SvarSlettJeg leste Edvard Hoem Heimlandet Barndom og Mors og fars historie. Stor historieforteller.
SvarSlettTakk for at du anbefalte den nye boka hans.
Mange hilsener Viola