onsdag 6. januar 2021

Elena Ferrante: Dei vaksnes løgnaktige liv (Roman)



"Ungjenta og einebarnet Giovanna får livet snudd på hovudet den dagen ho overhøyrer far sin, som ho elskar så høgt, seie at han synest ho er stygg. Denne vesle augneblinken er starten på den første av mange oppdagingar Giovanna gjer, som får grunnmuren i den trygge heimen til å smuldre. Foreldra er ikkje dei ho trur dei er, og ho lærer på den harde måten kva det vil seie å vere vaksen."

Som vanleg skriv Ferrante om kvinner i Napoli. Denne gongen er historia frå 1990-talet.
Vi møter Giovanna, ei jente som bur saman med mor og far i ein betre bydel i Napoli. Foreldra kjem frå fattigare bydelar, men har teke utdanning og er no i middelklassemiljøet. Og dei tek avstand frå arbeiderklassemiljøet i byen. Etter at Giovanna høyrer at ho er veldig stygg og liknar på tanta si, Vittoria, ønskjer ho å finne ut noko om denne tanta, som ho aldri har møtt. Ho finn fram til tanta, der ho også møter fleire ukjende familiemedlemmar. Den usiviliserte og vulgære familien, slik far hennar beskriv dei, tek godt imot ho. Men tanta viser også ulike sider, da ho har eit farleg temperament. Ho vekslar mellom å være kjærleg og varm, og så verte rasande eller sorgsam. Ein dag får ho eit armbånd frå tanta. Dette vert ein spesiell gjenstand i historia.  

Giovanna vert svært tiltrekt av Roberto, som tante Vittoria kjenner frå kyrkjemiljøet ho går i. Ein veltalande akademikar, som er forlova med tante Vittorias guddatter Giuliana. Kjenslene for han er sterke, og ho både kjenner beundring og begjær. Men han er ikkje fri, så ho må vende seg til andre i søken etter å verte "vaksen". 

Eit sterkt familiedrama der vi følgjer Giovanna gjennom dei første ungdomsåra, der ho søkjer etter identitet og tilhørighet. Ho opplever sorga over at foreldre ikkje er slik ho trudde, at sanning og løgner vekslar. Vi følgjer hennar seksuelle oppvaking, tankar og handlingar.

Måten Ferrante fortel historia på, der vi følgjer hovudpersonen i tankar og kjensler, og der vi er med henne i sterke emosjonelle hendingar, kjenner vi att frå dei andre bøkene hennar tidlegare. Ferrante viser ei stor innsikt i mennesket, ho formidlar på ein truverdig og levande måte. Det er på ein måte ikkje til å unngå at lesaren vert fanga. Ei evne som gjer henne til ein stor forfattar.

Samlaget
2020
399 sider
Oversatt av Kristin Sørsdal
Lånt på biblioteket

3 kommentarer:

  1. Ja, for et liv og sjalusi det var der i familien. Imponerende at hun klarer å fenge oss så godt inn i de medmenneskelige relasjonen. Imponerende, men jeg ble litt lei på slutten. Det ble nesten litt for mye.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det virker som om sjalusi, drama og kjefting er vanlig i italienske familier. Blir litt frustrert over ufreden i familiene, jeg også.

      Slett
  2. Det er ikke tvil om at Elena Ferrante kan dette med familiedrama. Kjekt at du likte boken, det gjorde jeg også :)

    SvarSlett