torsdag 15. juli 2021

Jon Fosse: Det andre namnet. Septologien l-ll (Bokhyllelesing juni/juli)


I utfordringen Bokhyllelesing i juni/juli skal vi lesa ei tykk bok vi lenge har utsett å lesa. Eg har hatt første del av septologien liggjande leeeenge, og fått utsettelse på biblioteket. Har egentlig utsett lesing av denne, både på grunn av lang bok, og litt fordomar (personlege), samtidig som eg har vært litt spent.  Men her er omtalen, til slutt. 

Dette er bok nr l og ll i en serie av sju.

Vi vert kjend med den aldrande målaren Asle, som bur i fjordbygda Dylgja. Han miste kona si, Ales, for nokre år sidan, og saknet etter henne er stort. Han strevar med bileta som skal vere ferdige til utstillinga hans i Galleri Beyer.

Naboen Åsleik kjem innom no og da, og har gjerne med mat. Kvar jul få han eit lite måleri til Systera si. Elles er det namnebroren Asle hovudpersonen tenkjer på. Han drikk for mykje, og ein dag finn han han full og forkomen, og han må få han på sjukehus. Han har sjølv vore avhengig av alkohol, navnebroren kjennest mest som han sjølv. Og medan Asle er på sjukehuset, ønskjer han å ta vare på hunden hans.

Vi følgjer Asle gjennom tankar og minner, hendingar frå barndom og oppvekst. Dramatiske hendingar kjem fram. Hovudpersonen er ein einsam mann, sjøvopptatt, kverulant og til tider lite sympatisk. Men han tek vare på gamle vener. Han viste tidleg evner til å måla, men skjemmest over eigne måleri frå ungdomstida. Ved sida av kunsten er det Gud han er oppteken av. Han ber og mediterer, og har tankar om lys og mørke. I hans eige juleforteljing er det lyset som er det viktige. Han ber Pater Noster før ham somnar om kveldane.

I andre delen, septologien ll, startar det med at de aldrande målaren vaknar opp på Heimen i Bergen. Han skal møte Guro, som har hunden til Asle medan han ligg på sjukehuset. Og så kjem minner om barndoms og ungdomstid tid att, minner som kjem att med jamne mellomrom. Og Åsleik vil ha sitt årlege måleri, men helst større denne gongen. Måleria Asle liker best av dei han målar, sett han på loftet. Dei kjem ikkje med på utstillinga i Galleri Beyer. Det siste, som han har streva lenge med, havnar også der.   

Det er utruleg at det kan skrivast ei bok på over 500 sider utan ein einaste punktum. Kva er vitsen? Fosse brukar eit messande og gjentakande språk, som ofte verkar suggererande. Eg likar helst korte bøker med oppdeling i kapitler, noko desse bøkene er totalt utan. Eg irriterer meg innimellom av alle gjentakingane og den seine framdrifta, så eg konkluderer med at dette ikkje er det eg liker best å lesa, da eg er ein utålmodig lesar. Eg har lese fleire av bøkene til Fosse tidlegare, Det er Ales, og Trilogien Andvake, Olavs draumar og Kvældsvævd. Men dette er korte bøker som har fenga meg, der gjentakingane ikkje har teke overhånd, men har gitt romanane eit fint særpreg.

Med andre ord kan eg konkludera med at eg ikkje les dei omfangsrike romanane til Fosse, men held meg til dei korte. 

Samlaget
2019
514 sider
Lånt på biblioteket

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar