mandag 9. august 2021

Dordi Strøm: Flog (Roman)



«Hald inn rumpa når du går, ropar farmor, sjå på meg! Mi rumpe er flat og fin, ser du? Eg går og held inn rumpa heile tida, og det skal du og gjere!»Dagne vil at farmora skal like henne, men det er lettare å springe ifrå Marken-brørne, enn det er å gjette kva farmora tenker. Tida står stille i kafeteriaen der Åsta jobbar. Ho hatar gjestane og vil reise ifrå alt. Fred drøymer om å bli rik. Han håpar framleis på å møte igjen faren som vart borte då han berre var elleve.

I denne spesielle romanen les vi om mennesker frå tre forskjellige generasjonar, Åste, som må gifte seg med den mykje eldre Embret, etter at han valdtek henne. Sønnen deira, Fred, som er skild frå Liv, saman har dei dottera Dagne. Livet har ikkje berre vore lett for nokon av dei, da fattigdom og vald har vore kvardagen, noko som har prega dei på ulike måtar. Dei er ikkje flinke til å snakka saman, og kjenner ikkje kjenslene til kvarandre. Her ligg mykje grums.

Det er kanskje Dagne det handlar mest om. Ho er ei klok og dyktig jente, som saknar faren etter skilsmissa. Men møtene med han vert ikkje slik ho drøymer om. Han er som farmora, kritisk til alt ho gjer. Og han er meir opptatt av dei nye bilane sine, han ser ikkje henne. Det ligg ein trist og tung tone i heile boka. Det er difor ikkje ei glad bok. Men ei bok som grip tak i lesaren, og etterlet seg mange tankar om korleis arvesynda held fram.

Romanen er svært spesiell i oppbygging, da den har ei blanding av "kapitler" som er på berre eit par linjer, og andre på flere sider. Dei knappe setningane i dei korte seier alt. Eit par eksempel på dette:
Februar 1950
Rasjoneringa på feitt, sjokolade og sukker er oppheva, ho høyrer det på radioen.

Han som veks opp farlaus, som var gift og far og skild, bur åleine i et hus med mange rom. Rundt huset har han ein park med fiskedam, og i garasjen har han fem bilar. Den finaste er bilen som gestaposjefen eigde.

Det vekslar mellom tid og år, og personane som fortel si historie. I byrjinga var dette nokså vanskeleg å halde styr på, men etter kvart som ein kom inn i handlinga, gjekk det greit. Ein interessant og god debut, så eg les gjerne meir frå forfattaren.

Samlaget
2021
324 sider
Nynorsk
Lånt på biblioteket


2 kommentarer:

  1. Jeg skjønner ikke hvorfor de skal lage en så forvirrende oppbygging av historien, det tar all oppmerksomhet vekk fra det som faktisk skal skildres. Høres ut som du kom "levende" fra det :)

    SvarSlett
  2. Jeg kom "levende" fra det! Til dels enig med deg. Men samtidig er denne nye formen for romanskriving spennende. Kanskje ikke akkurat bytte av år og tid på denne måten, men oppbygging av romanen, en blanding av dikt og prosa, noe som passer inn i vår "flimrende" mediatid. Ser at flere nye forfattere benytter seg av slike grep.

    SvarSlett