onsdag 6. oktober 2021

Tarjei Vesaas: Isslottet. Bokhyllelesing august 2021.


I august skulle vi lese boka bak filmen. Da eg er svært glad i Vesaas sine bøker, valde eg Isslottet fra 1963. Må innrømme at eg ikkje har sett filmen tidligare, men eg fann den på You-tube, og såg den no. Filmen var laga i 1987, og både boka og filmen har vekt oppsikt i inn og utland. 

Eg har lese Isslottet for mange år sidan, og måtte ta ein liten repetisjon om handlinga. Hugsar at det var ei bok som gjorde sterkt inntrykk den gang, og det vart ikkje mindre denne gongen.  

Vi møter to jenter på 11 år. Unn har nett kome til bygda, ho har mist mor si og bur hos ei tante. Siss er utadvent og populær. Ho vil gjene bli kjend med den nye jenta, og prøver å fange oppmerksemda hennar. Ein dag lukkast ho, og dei to jentene avtaler å møtast i huset til moster. Det er ein kald og mørk hautkveld.

Her ligg mykje spaning mellom dei to. Nye kjensler veks fram, og dei tek av seg kleda og ser på kvarandre. Men så kjem skamma, dette er ikkje rett. Siss kler på seg og spring heim. Unn vert att i huset. Siss vil ikkje fortelja nokon om det som hende. Men neste dag er Unn borte. Ho møter ikkje på skulen dei finn henne ikkje. Kva har hendt? 

Unn vert borte i isen, og Siss kjempar med isen inne i seg. Her ligg det mykje i eit slag grenseland mellom draumar og verkelegheit, og sterke krefter i overgangen mellom det å vere barn og vaksen. 

Her er mykje symbolikk, slik bøkene til Vesaas ofte er. Det er lys-mørke, is- vatn, varme - kulde, tomhet- kaos, realitet - fantasi.  Vesaas skriv om livet, han er ein meister språkleg, der han legg inn små innsmett i teksta som ein lett kan oversjå om ein les for fort. Han skriv med poetisk presisjon. Her kjem naturskildringar  naturleg inn mellom det menneskelege  psykologiske hendingane. Sterk lesnad.



Gyldendal
1963
156 sider
Frå eige bokhylle

2 kommentarer:

  1. Denne boka har jeg lest flere ganger, den er så vakker, men trist.
    Ha en fin høstdag :)

    SvarSlett
  2. Noterer meg denne, takk for fint lesetips Åslaug! Jeg har lest Fuglane og likte den godt, så jeg leser gjerne Vesaas igjen.

    SvarSlett