onsdag 19. januar 2022

Randi Fuglehaug: Fallesjuke 2020


"Ein fallskjermhoppar dundrar i bakken framfor hundrevis av sjokkerte tilskodarar under Ekstremsportveko på Voss. Undersøkingar viser at fallskjermen til den omkomne småbarnsmora Veslemøy Liland er tukla med, og drapsalarmen går. Kven ville henne til livs - og kvifor? Tidlegare VG-reporter, no heimflytta lokalavisjournalist Agnes Tveit vaknar opp frå ein yrkesmessig dvale då ho begynner å leite i si eiga ungdomstid etter svar. Snart oppdagar ho at den vakre vestlandsbygda skjuler mange mørke hemmelegheiter." 

Fire bunadskledde kvinner svever i fallskjerm over den vakre naturen på Voss. Ei av kvinnenen, Veslemøy Liland, bryt formasjonen og styrtar i bakken. Ein av dei som er tilstades er Agnes Tveit, nyansatt reportar ved lokalavisea Hordaland. Ho og mannen Fredrik, har nettopp kome til bygda frå Oslo. Agnes er født og oppvaksen på Voss. Fredrik er Oslogut.

Kripos vert kobla på saka, da det viser seg at fallskjermen til Veslemøy var sabotert. Agnes tek kontakt med dei tre som har overlevd fallskjermspranget, for å finna bakgrunnen for tragedien. Gro, Joni og Katten er gamle venninner av Veslemøy. Det tek ikkje lang tid før Agnes oppdagar at dette vennskapet slett ikkje var berre greit, og mykje nag og gammal sjalusi ligg her. Og fleire i miljøet på Voss viser seg å å ha hemmelegheiter, her er mykje snusk. Avisredaktøren meiner at Agnes snoker for mykje, og ho blir teken ut av saka. Men ho fortsett på eige hand, noko som fører til dramatiske følgjer for fleire.

Agnes og Fredrik har lenge streva med å få barn, men Agnes er noko tilbakehaldanda for tid. Ho saknar Oslo og miljøet der, og irriterer seg over Fredrik, som berre er beherska og snill i alle situasjonar. Ikkje mykje gnist der nei.

Ein krim eg likte godt. Forfattaren har grep om miljøet og Ekstremsporveko på Voss. Tittelen på romanen, Fallesjuke, dekker både fallskjermhoppinga og sjukdomen epilepsi, som har ein rolle i oppklaringa i saka. Agnes sine personlege vanskar påverkar arbeidet hennar, og ho framstår ikkje akkurat særleg sympatisk, Men romanen sluttat slik at eg var nysgjerrig på kva som skjer vidare, så det er berre å håpe på fleire bøker!

Kagge forlag
2020
395 sider
Lånt på biblioteket

1 kommentar:

  1. Spennede. Har lagt merke til denne boka. Hun kommer med ny bok nå snart.

    SvarSlett