Eg har hatt et sterkt forhold til Knut Hauge og hans diktning siden eg var jentunge. Inge Krokann, som var en diktar fra Oppdal, men som budde i Gausdal, nabo til tante og onkel der, sa ein gang til meg, eg var vel 13 - 14 år, at eg måtte lese mykje. Han anbefalte meg å lesa Frøken Detektiv, men særleg Krossen under Torfinnhø av Knut Hauge. Dette var første boka til Hauge, og eg slukte ho! Så romantisk og spennande! Eg måla til og med eit bilde (eit av mine første) med tema frå boka. Og da Hauge ga ut ein serie historiske romaner, Sagaen om Ulfsætta i Valdres, var eg fanga. Ei av dei beste bøkene er likevel Ein roman om kjærleiken og døden, fra 1976. Den var sterk, og eg hugsar ho enno.
Dette er ei dagbok som ble funne og gjeve ut etter at Hauge døde. Den gir et godt bilde av livet i arbeidet i bygda og tanker om dikterevne. Han er en følsom ung mann, med tanker om religon og erotikk, og sterke skildringer av natur og draumar preger dagboka. Han var gardbrukar i Valdres, og skreiv ved sidan av. Han avsluttar dagboka med "Det er i desse 1930-åra, som no tek til å ebbe ut, at eg har havt ungdommen min."
Eg kjenner ikkje så mange som har lese noko av Hauge, men anbefaler så absolutt å gjere seg kjent med han. Om ikkje akkurat dagboka, så er boka frå 1976 eit godt val.
Då måta, Valdres
2003
287 sider
Lånt på biblioteket
Spennende å høre om "nye" forfattere, og artig ikke minst, når du forteller om ditt personlige kjennskap til ham.
SvarSlettHåper du har hatt en fin helg Åslaug, nå braker det løs igjen med full uke her hos meg :)