tirsdag 12. juli 2022

Aina Basso: Dei dødsdømde (Om dødsstraffa i Noreg) 2022


Aina Basso er historikar, og denne boka tek for seg dødsstraff, hovudsakeleg i Noreg.. Her er fakta og kjeldemateriale godt dokumentert. Det har vore dødsstraff i fleire hundre år, og i lovverket fram til 1979, men ingen er avrette etter 1876, med unntak av rettergangen etter krig i landet.  Basso viser til at det framleis er dødsstraff i 55 land enno.

Boka tek for  seg avrettingsmetodar, og ho viser til ulike historier som endte med dødsstraff gjennom  tidene. Det er gjennom disse tragiske skjebnane vi ser korleis dødsstraff er brukt gjennom tidene frå vikingetida gjennom ulike epokar i landet vårt. 

Vi les om ho som gav seg ut for å vere prinsesse og planla å overta herredømet i Norge på tolvhundretalet, men vart brent på bålet. Andre vart brent som heks, kanskje fordi dei kunne mykje om naturen og bruk av planter som medisin, atter andre vart hengde eller halshogde fordi dei fekk barn utanom ekteskap, eller i tilhøve der det var incest. Og i 1590 vart kona til ein kjend og avholden teolog, rektor ved Katedralskulen i Bergen og slottsprest, Anna Pedersdotter,  avretta som heks. Når ein les denne saka er det uverkeleg å sette seg inn i tankane til dei som vitna mot henne, og dei som dømde. (Men vi finn da slike saker i vår tid, også, i nokre land!) Frykt og overtru har ofte vore årsaken til slike forfølgingar av menneskje. 

Kapitla er avslutta med ryddige oppsummeringar og fakta, som gjer den svært oversikteleg. .Boka passar godt for ungdom som vil lære meir om verdas realitetar og brutalitetar, og for oss alle som vil bli meir kjende med vår historie. Boka er fint illustrert av Kristian Krog-Sørensen.



Samlaget
2022
123 sider
Lånt på biblioteket

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar