torsdag 7. juli 2022

Asta Nordenhof: Det enkle og det einsame (Artemisias diktutfordring juli )


 Les noe fra utlandet eller en annen kultur er juliutfordringen fra Anita, diktsirkel-2022.

Eg fann fram fra bokhylla Asta Olivia Nodenhofs diktsamling som eg har kjøpt for et par år sidan.   Nordenhof er dansk forfattar og vart nominert til Nordisk råds litteraturpris i 2021.  Ho representerer ikkje akkurat ein ukjent kultur, men eg trekkejer ho fram som ein modig og nytenkjande forfattar. Blant anna held ho på med ein septologi, Penger på lomma, som omhandlar Scandinavian Star-ulykka. Eg har lese nokre utdag frå første bindet, som verkar spennande. 

Nå det gjeld denne diktsamlinga, trekjer ho fram eigne opplevingar og eigne kjensler, det er sagt om boka:  "den overskrid dei tradisjonelle skilja mellom forfattar,og person, offentleg og privat. 

 Det er dikt om korleis det er å miste  foreldre som ung, sjøl om ikkje barndommen hadde vore den beste. Det handlar om minner om besteforeldre, på godt og ondt, om kropp, prostitusjon, glede og sinne. Og om samfunnet ho lever i. Meir prosa enn dikt, etter mi meining. 

Eit lite utdrag frå dikta her, da heile samlinga heng saman som ei historie:

sitje her no, ha vore seksten.

skulle ønskje mensen gjekk vekk

skulle ønskje ein ikkje var kalla arrogant når ein seier ein ikkje vil ha barn

eg vil ikkje ha barn så fatt det

fleire liv å martre

eg har drepe ein kattunge ein gong

kasta den mot ein vegg fordi den ikkje ville ta imot barnebrystet mitt

..........

eg prøver å hugse einebustaden der du budde i vanløse

det var eit mindre tilbygg der festen vart halden, ei sløv tunge

merkeleg, når eg tenkjer på deg, på huset dirr, golvflisene på badet som var kalde

og høyrde noko på radioen som sette i gamg ei tankerekke som enda opp ved huset ditt

det deia seg om selar, om den forfina høyrselen deira, og kva slags lydleg ubehag det

kan gi ein selkoloni at det blir bygd vindmøller.


Boka er overset til nynorsk Anna Kliva og utgjeven på Samlaget i 2017


 

3 kommentarer:

  1. Takk for bidrag Åslaug. Synes diktene var spennende utdrag. Men jeg ser ikke noe om land eller annen kultur der? Hva tenker du om det?

    SvarSlett
  2. Fint. Danmark, skjønner jeg:

    SvarSlett