søndag 17. juli 2022

Kristin Auestad Danielsen: Du er bonde (Ein fabel)



"Du er ikkje fødd odelsjente», sa Simone de Beauvoir, «du blir det.» Men slik er det ikkje i Gjesdal kommune. Iallfall ikkje på 1990-talet. Tiåret då Noreg fekk ny konge, då Lady Diana døydde, og då det gjaldt å halde på jomfrudommen så lenge som mogleg utan å vere prippen.

To jenter overtar kvar sin gard, og det blir ein kamp om korleis ein skal drifte jorda. Mens den eine utviklar nye sauesortar og sprenger tunellar på alle kantar, synest den andre at det moderne landbruket har gått for langt - ho lanserer tanken om antidrift. Men dette skal vise seg å vere ein farleg idé med alvorlege konsekvensar ikkje berre for henne, men for heile Jæren."


Det handlar om to jenter frå bygda Gjesdal. Dei er begge odelsjenter. Den eine tek over garden med stort pågangsmot, ho er allereie bonde. Ho tek arven seriøst på alle vis. Ho som er forteljaren i boka skal ta over ein gard som ikkje er veldreven. da faren har teke arbeidet noko lettvint. Ho elskar landsbygda, ho må leggje seg ned på marka og rulle seg for å kvitte seg med alle byfolka ho har møtt når ho har vore i byen. Men ho klarer ikkje å sjå at å drive garden er hennar livsveg, ho lurer på om landbruket er noko for henne. Men da protesterer venninna med å seie at er ho bonde må ho "bondelere". (Eit artig uttrykk). Men det gjer ho på sitt eige vis. Ho får ein draum, der engelen Gabriel seier at ho skal plante på jorda. og da ho vaknar har ho fanget fullt av eikenøtter. Dette er hennar "egg", hennar born. Disse kaster ho utover, og det veks opp tre. Alle slags tre. Ho tel ansvaret alvorleg, no plantar ho tre over heile Jæren. Ho vert ein antibonde. Dette fell ikkje i god jord, og motgangen møter henne. 

Ei fantastisk fantasifull bok, der det ligg mykje alvor bak den ville handlinga. Bonden slit, kven vil ta over gardane i ei tid der dei møter krav som gjer at dei må leggje ned, og berre dei største klarer seg. Her er miljøvern og kjærleik for tre. Her er ansvarskjenle for arven, men også manglande tru på ei framtid som bonde. Hovudpersonen er ein drøymar, ho liker mest å sjå på film og ete chips, saman med venninna. Dei ser på gamle filmar, nostalgiske filmar frå åtti- og nittitalet, som dei mimrer om i etterkant. Og dei elskar fart. 

Rett og slett ein bygderoman som forbauser og grip tak i deg. Så vanvittig rar at eg ikkje veit om eg fekk med meg alt, men helt greit! Anbefaler gjerne.

Samlaget
2022
151 sider
Nynorsk
Lånt på biblioteket

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar