torsdag 1. desember 2022

Brynjulf Jung Tjønn: Kvit, norsk mann. 2022 Diktsamling

 

Omta

l

"Kvit, norsk mann er ei samling vonde og kloke – men tidvis også morosame – dikt om norsk oppvekst og norsk rasisme.


"Korleis er det for eit adoptivbarn å kome til Norge som ei reserveløysing, eit gjenbruksbarn som blir odelsgut? Det hadde vore enklare om han var kvit, norsk mann. Då ville ikkje born ropt ching-chong-kinamann etter han. Eller folk lurt på kor han eigentleg kjem frå.
Kvit, norsk mann byggjar på forfattaren sine eigne erfaringar, men rettar seg til eit heilt land av lesande og nysgjerrige menneske. Tekstane trekkjer også forbindelsar til andre, liknande forteljingar – og set vår samtid og kultur under lupen."

Han kjem til Norge som to-åring. Ein liten gut som kan seie mamma og pappa på språket sitt, sør-koreansk. Han vert henta av to som har streva lenge med å få barn, no er siste løysinga adopsjon. Dei har ein gard, dei treng ein son som kan ta over slektsgarden. Men den vesle guten, med anna hud og hårfarge enn dei lyse foreldra, har allergiar, han liker ikkje lukta av fjøs og døde dyr. Han har ikkje det som må til for å verte bonde.

Han vert mobba, han finn ikkje mange som liknar på han, han får alltid spørsmål om kor han kjem ifrå:

dei spør meg
kor kjem du frå?
eg svarar
eg kjem frå feios på vestlandet
dei spør meg
men kor kjem du eigentleg frå?
eg svarar
eg er fødd i sør-korea
eg var tre år
då eg kom til norge
eg vaks opp på ein gard
saman med foreldra mine

dei spør meg
når du seier foreldra mine, så meiner du
adoptiv-foreldra dine
ikkje sant?
då eg kom til

Han vert heile tida påminna om at han ikkje er norsk nok. Når skal han verte norsk nok? Han bur i byen, han arbeider i byen. Barna veks opp i byen. Ingen kjem til å ta over garden på Vestlandet. Arven må nok seljast når foreldra døyr. 

Dette er ei utruleg samling dikt der forfattaren reflekterer over eigen oppvekst, om eigen identitet, om forventningar og skuffelser. Det handlar om kvardagsrasisme i eit lite miljø, men også i storbyen.  Ikkje alltid meint å være negativt, men tankelaust og sårande. Alt skrive som dikt eg las med mange vanskelege tankar inne i meg, medan tårene rann. 

Brynjulf Jung Tjønn vart ikkje bonde i Feios, men han vart ein formidabel forfattar! 


Cappelen Damm
2022
93 sider
Lånt på bibloteket

2 kommentarer:

  1. Å, takk for fint innlegg. Den skal jeg låne meg på biblioteket, det er sikkert. Vi var med på den grønne bølgen på slutten av 70 tallet og kjøpte en liten gård. Vi var i samme situasjon, og adoptiv ungene våre opplevde det samme, som i diktet du har gjengitt her. Vi solgte gården og flytta til byen, det ble for tøft og våre innflytter og adoptivforeldre i bygda .

    SvarSlett
  2. Tenk å ikke være norsk nok... Et tema en ikke kommer utenom, siden vi alle reagerer forskjellig når vi møter et menneske som ved første øyekast ikke ser heilnorsk ut. Jeg fikk lyst å lese denne diktsamlingen etter å ha lest omtalen din :)
    God helg Åslaug!

    SvarSlett