lørdag 28. januar 2023

Diktsirkel 2023 Brynjulf Jung Tjønn: Kvit norsk mann

Anita, som utfordrer oss til å lese dikt, har nye utfordringer for 2023.   https://artemisiasverden.blogspot.com/p/diktsirkel-2023.html

Mitt første innlegg blir en diktsamling som jeg har omtalt tidligere, men ikke får nok av. En viktig og bra samling, som har gitt ettertanke flere ganger etter at jeg las den. Her er min omtale av 

Brynjulf Jung Tjønns: Kvit norsk mann

Han kjem til Norge som to-åring. Ein liten gut som kan seie mamma og pappa på språket sitt, sør-koreansk. Han vert henta av to som har streva lenge med å få barn, no er siste løysinga adopsjon. Dei har ein gard, dei treng ein son som kan ta over slektsgarden. Men den vesle guten, med anna hud og hårfarge enn dei lyse foreldra, har allergiar, han liker ikkje lukta av fjøs og døde dyr. 

Han har ikkje det som må til for å verte bonde.Han vert mobba, han finn ikkje mange som liknar på han, han får alltid spørsmål om kor han kjem ifrå:

dei spør meg
kor kjem du frå?
eg svarar
eg kjem frå feios på vestlandet
dei spør meg
men kor kjem du eigentleg frå?
eg svarar
eg er fødd i sør-korea
eg var tre år
då eg kom til norge
eg vaks opp på ein gard
saman med foreldra mine

dei spør meg
når du seier foreldra mine, så meiner du
adoptiv-foreldra dine
ikkje sant?
då eg kom til

Han vert heile tida påminna om at han ikkje er norsk nok. Når skal han verte norsk nok? Han bur i byen, han arbeider i byen. Barna veks opp i byen. Ingen kjem til å ta over garden på Vestlandet. Arven må nok seljast når foreldra døyr. 

Dette er ei utruleg samling dikt der forfattaren reflekterer over eigen oppvekst, om eigen identitet, om forventningar og skuffelser. Det handlar om kvardagsrasisme i eit lite miljø, men også i storbyen.  Ikkje alltid meint å være negativt, men tankelaust og sårande. Alt skrive som dikt eg las med mange vanskelege tankar inne i meg, medan tårene rann. 

Brynjulf Jung Tjønn vart ikkje bonde i Feios, men han vart ein formidabel forfattar! 


Cappelen Damm
2022
93 sider
Lånt på bibloteket 

1 kommentar:

  1. Åh, dette er en sterk diktsamling. Jeg har lest den for en stund siden. Takk for fint bidrag, Åslaug. Legger det inn i samlefanen:)

    SvarSlett