torsdag 9. februar 2023

Jon Fosse: Kvitleik Roman 2023



Ein tungsinn mann, han slit med keisemd. Han set seg i bilen og køyrer, utan mål, men havnar på ein skogsveg, den sluttar, og det er umogleg å snu. Så byrjar det å snø. Mannen går inn i skogen, følgjer ein sti. Kvifor går han dit? Kva ventar han å finne? 

Medan han går tenkjer han på kva han held på med. Han stiller seg sjølv spørsmål, men har ingen svar. Han frys og er trøytt. Han hallusinerer. For på stigen møter han nokon, ein lysande skikkelse. Ein engel? Og fleire dukkar opp. Ein svartkledd, berrføtt mann. Og så møter han foreldra sine, som kjem for å møte han. 

Surrealistisk og merkeleg. Ei forteljing om livets slutt, sjølbestemt eller ikkje. Men han veit at han kan velgja:

"Anten blir eg verande her i skogen, eller så kjem eg meg ut or skogen. Anten eller. Og anten bli bilen min ståande fast, eller så får eg han laus. Slik er det. Anten eller. "

Ein kort roman. Denne gongen med heile setningar og teikn. Lett å lesa. Dei som liker Fosse finn nok mykje her. Og boka er så lita, at dei som har tenkt å lesa Fosse, men ikkje våger seg på dei store romanane hans, kan lesa denne. 

For  min del finn eg ikkje så mykje nytt i denne romanen. 


Samlaget
2023
71 sider
Lånt på biblioteket

2 kommentarer:

  1. Denne venter jeg på, det var jeg som fikk dem til å bestille inn boken, og allikevel har jeg ventet i flere uker. Ja, ja, jeg har noe å glede meg til, jeg liker Jon Fosse (tror jeg...)

    SvarSlett
  2. Vi gratulerer Jon Fosse. Fantastisk!

    SvarSlett