Dette er første del av tobindsverk om den tyske okkupasjonen og krigsoppgjeret i Noreg. Tidelegare har Kolden skrive romanar om krigen, I krig og kjærleik, Krigens skugge og Fredens frosne hjarte, sterke historier om tre søstre, og korleis krigen påverkar folk på ulikt vis. Det er noko av det same temaet som er teken opp i dei nye bøkene også.
Frå forlaget "Det er våren 1940. Gabriel Bratt ventar på bussen heim til familiegardenda tyske bombefly blir synlege mot himmelen. Verdskrigen kjem dundrande som ei øydeleggjande kraft over Innerdalen, og snart held ein tropp tyske soldatar og NS-folk i sentrale posisjonar befolkninga i eit kontrollerande grep. Søskena Gabriel, Gunnar og Margot skal bli varig merkte av okkupasjonen på kvar sitt vis når tilsynelatande små og ubetydelege handlingar får dramatiske konsekvensar for dei og menneska rundt dei. For korleis skal ein handle når det å hjelpe ein ven kan sende deg til fangebrakkene i Sachsenhausen? Når det å oppsøkje ein barndomskamerat kan føre deg rett i hendene på Gestapo? Eller når feil svar kan utsetja deg for den verste pine?"
Det er ei historie som ikkje er ukjent, vi har lese om dette før. Men Ragnhild Kolden har eit måte å fortelje på som gjer boka svært lesverdig og spanande. Her ligg mykje sårhet, sorg og sinne. Vi kjem in
n på dei ulike personane slik at vi kjenner dei, dette er truverdig. Dei fem krigsåra set preg på alle, og det vesle bygdesamfunnet vil aldri bli det same.
Denne høres veldig fin ut Åslaug, takk for supert lesetips! Har nylig sett en teaterforestilling som tar opp temaet tyskerjenter, uten at jeg vet om dette er en del av denne handlingen, så vet jeg at tematikken formidles på mange måter.
SvarSlettGleder meg til å lese denne :)