tirsdag 7. mai 2024

Eirin Holberg: Steinalderen. Barnebok . Sakprosa.



Fra forlaget:
"Ein ti tusen år gammal tyggis? Hadde dei snop i steinalderen? Korleis var det eigentleg å vere barn i Noreg då?
I denne boka får du bli med 10 000 år tilbake i tid, heilt tilbake til slutten av istida, då steinalderen begynte i Skandinavia. Du får høyre om steinhoggarskular, om å bu oppå søpla si og om den gongen da ei monsterbølgje raserte norskekysten. Boka gir deg òg oppskrift på korleis du kan lage ditt eige musikkinstrument frå steinalderen.
"Steinalderen" er skriven av arkeolog Eirin Holberg og er illustrert av prislønte Åshild Irgens, som med sin lune og humoristiske strek har gjenskapt ei spennande verd heilt annleis enn vår eiga. Boka passar godt både til høgtlesing og til å lese åleine. "


Eg må sjølsagt skrive ein liten omtale av denne boka, som dottara mi Eirin Holberg har skrive. Dette er ei sakprosa barnebok om Steinalderen, med undertittelen 10000 år gamle tyggisar og hovudskallar på stong. Boka er tenkt for barn i alderen 6 til 10 år, men eg vil anbefale den for alle, barn og vaksne.

Det er 14 kapitler i boka, der vi les om korleis steinalderen byrja, korleis det har fått navnet steinalderen, korleis menneskja såg ut, kva dei gjorde i kvardagen, om det var skole på den tida, om dyr og natur. Ei fin og informativ bok som er ei glede å lese, ikkje minst på grunn av at ho er rikt illustrert av Åshild Irgens. Boka blir også gitt ut i Danmark.





 
Samlaget
2024
75 sider
Illustret av Åshild Irgens



2 kommentarer:

  1. Den ser kjempefin ut. Sikkert noe for barnebarnet mitt Jakob som er seks år, blir syv i august:)

    Så forresten den svenske serien fra steinalderen på NRK søndag. Og om hvordan menneskene befolket Sverige etter at isen forsvant. Veldig interessant. Neste episode er vel fra bronsealderen. Vi lærte om det på skolen i gamle dager, men det er så lenge siden, og jeg har glemt mye av det. I dag vet man mer også.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eirin er i gang med bok 2, om bronsealderen nå.

      Slett